Kreftkoordinator i Nordhordland

Har du eller ein av dine næraste fått ein kreftdiagnose? Då kan det vere godt å få hjelp til informasjon, råd og rettleiing om diagnose, behandling, rehabilitering og lindring.

Kreftkoordinatoren i Nordhordland er felles for Lindås, Meland, Radøy, Fedje og Modalen. Tilbodet er etablert i samarbeid med Kreftforeininga.

Kven er tilbodet meint for?

Du kan ta kontakt dersom du:

Nyleg har fått ein kreftdiagnose

Er pårørande til ein som har kreft

Ventar på behandling

Er under behandling

Har seinverknader etter kreftbehandling

Er frisk etter behandling, men har spørsmål om rehabilitering

Ikkje blir frist og treng hjelp til tilrettelegging av kvardagen

Pårørande kan også ta kontakt. Det same kan samarbeidspartar i kommunen og spesialisthelsetenesta.

Kva kan kreftkoordinatoren hjelpe deg med?

Vere ein ressursperson for deg som er kreftramma eller er pårørande

Gi råd og rettleiing om diagnose, behandling og rehabilitering

Vere ein samtalepartnar, som kan bidra til å sortere tankar i ei vanskeleg tid

Ha oversikt over og informere om relevante tilbod og tenester, kurs og rehabilitering

Vere eit bindeledd mellom deg, fastlegen, spesialisthelsetenesta og kommunane, og formidle kontakt til ulike tenester og aktuelle samarbeidspartnarar

Sikre oppfølging av barn og unge som er pårørande

Koordinere og leggje til rette for at du og dine får ein best mogleg kvardag heime

Omsorg ved livets slutt

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Korleis tar du kontakt?

Du treng ikkje å søkje eller bli tilvist frå lege eller spesialist. Du eller dine pårørande kan ta direkte kontakt på telefon eller e-post. Du kan også be andre om å ta kontakt.

Samtale med kreftkoordinatoren kan skje heime hos deg, på telefon eller kontoret til kreftkoordinatoren.

Kreftkoordinatoren er tilgjengeleg på telefon mellom 09.00 og 15.00 på kvardagar.

Anne-Britt Hauge, kreftsjukepleiar
E-post: anne-britt.hauge@lindas.kommune.no
Mobil: 409 10 889

 

 

Web levert av CustomPublish