Komposisjonskonkurranse – Nordhordlandsfanfare 2014

I samband med 200-års jubileet for grunnlova, utlyser kommunane i Nordhordland ein konkurranse om å komponera ein fanfare som skal nyttast ved dei fleste arrangementa som finn stad i samband med 200-års markeringa i Nordhordland.
Komposisjonen skal leverast som partitur på papir og som midi-fil på USB minnebrikke.
Durata 1,5 min.

Komposisjonen skal ta opp i seg ein folketone frå Nordhordland. Det skal gå fram av partituret kva folketone som er vald, og kvar den kjem frå.
Komposisjonen skal kunna framførast med berre fem stemmer, men skal også leverast i arr for korps (brass band og wind band).
Det er ønskjeleg at ein del av komposisjonen kan framførast som sjølvstendig kortversjon, durata inntil 20 sek.
Juryen består av tre personar med profesjonell tilknyting til musikkmiljøet i Nordhordland. Juryen vel på fritt grunnlag ut det dei meiner er den beste komposisjonen.
Premien til beste komposisjon er kr 20.000,-
Komposisjonen skal leverast anonymt i konvolutt. På partituret skal det påførast eit tilfeldig valt fem-sifra tal i staden for komponisten sitt namn. Namn og adresse på komponisten skal leggjast ved i eigen, lukka konvolutt, merka med same fem-sifra tal.

Konvolutt med komposisjonen skal merkast «Fanfare 2014» og sendast til:

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger

Frist for innlevering: 2.1.2014



Web levert av CustomPublish