Du er her: Start»Kommunereforma

Kommunereforma

Regjering og Storting har gitt kommunane i oppdrag å sjå på kommunestrukturen ved å snakka med nabokommunane.

I Modalen har saka vore drøfta i kommunestyre og formannskap fleire gonger.

I kommunestyremøte den 24.09.2014 gav fylkesmann Lars Sponheim ei orientering om prosessen.

17.03.2015 vart saka drøfta i eit felles møte mellom formannskapa i Vaksdal og Modalen.

28.04.2015 vart det arrangert eit folkemøte på Mo med stor deltaking.

Modalen kommune deltek no i ei drøfting der 9 kommunar i Nordhordland ser på om det er mogeleg  å gå saman i ein  kommune. I prosessen er Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Radøy og Solund med.

I Nordhordlandsprosjektet har kommunane danna eit forhandlingsutval som deltek i drøftingar.  Forhandlingsutvalet består av tre politikarar frå kvar kommune valt av kommunestyret og i tillegg deltek rådmennene. Frå Modalen deltek ordførar Knut Moe, varaordførar Kristin Nåmdal og formannskapsmedlem Gisle Heimly.

Forhandlingsutvalet skal utarbeide eit forhandlingsdokument som  skal sei noko  om korleis ein ønskjer at den nye kommunen skal vere og kva prinsipp som skal leggast til grunn. Det skal vere ferdig i januar/februar 2016.

Det er halde to møte i forhandlingsutvalet. Informasjon om prosessen og referat frå møta finn du her:

VEDTAK I MODALEN OM KOMMUNEREFORMA:

Kommunestyrevedtak 27.10.2014

Kommunestyret legg til grunn at ein i vidare drøftingar skal ha som eit overordna mål å oppretthalde eit lokalt tenestetilbod på linje med i dag.
Det vidare arbeid vert å organisere ved å opprette ei styringsgruppe og eit forhandlingsutval.
Kommunestyret oppnemner formannskapet til styringsgruppe.
Forhandlingsutvalet vert sett saman av ordførar Knut Moe, leiar av Solrenningslista Gisle Heimly og rådmann Øivind Olsnes

 

Kommunestyrevedtak 05.02.2015

Modalen kommune går i drøftingar med nabokommunar som er interessert i dette, for å utgreie eventuell ny kommunestruktur.
Rådmennene i dei kommunane som vel å samarbeide om ny kommunestruktur får i oppdrag å utarbeide nærare prosjektplan og framlegg til mal for intensjonsavtale som skal leggjast til grunn for arbeidet.
Malen for intensjonsavtalen og prosektplanen skal godkjennast av dei respektive kommunestyra våren 2015.

Endeleg vedtak om ny kommune vert gjort i kommunestyret våren 2016.

 

Kommunestyrevedtak 09.04.2015

Modalen kommune skal halde ei rådgjevande folkerøysting når faktagrunnlag er klart og seinast innan 30. april 2016.

Web levert av CustomPublish