Kommunereforma

Vedtak i kommunereformsaka

Modalen kommunestyre sitt vedtak i sak 043/2016 møte 22.06.16

KS - vedtak:
Modalen kommune har vurdert sin framtidige situasjon i høve ulike alternativ i arbeidet med kommunereforma. Det er gjennomført høyring om intensjonsavtalen «Nordhordland kommune».

I den rådgjevande folkerøystinga deltok 74 % av dei røysteføre. 95,8 % røysta for at Modalen skulle halda fram som eigen kommune.

Med eit så klart svar frå innbyggjarane, seier Modalen kommunestyre nei til å verta ein del av Nordhordland kommune.

Me meiner Modalen har både økonomiske midlar og menneskelege ressursar til å kunna løysa framtidige oppgåver og gje innbyggjarane våre gode tenester. Det vert lagt til grunn at dei gode interkommunale samarbeidstiltaka vert vidareførte.

Modalen kommunestyre vedtek derfor å halda fram som eigen kommune.

Vedtaket var samrøystes.

11. juli 2016 Les meir

Kommunestruktur - vurdering og val av framtidsløysing for Modalen

Kommunestyret skal handsama saka om kommunestruktur på møte 16.06.2016.

08. juni 2016 Les meir

Kommunereforma vedtak i kommunestyret

Kommunestyret har no vedteke at det skal haldast ei rådgjevande folkeavrøysting i spørsmålet om Modalen skal slå seg saman med andre kommunar eller halde fram som eigen kommune.

Folkeavrøystinga vil verte halden måndag 23. mai 2016.

15. mars 2016 Les meir

Kommunereforma

28. mai 2015 Les meir
Web levert av CustomPublish