Kommunereforma vedtak i kommunestyret

Kommunestyret har no vedteke at det skal haldast ei rådgjevande folkeavrøysting i spørsmålet om Modalen skal slå seg saman med andre kommunar eller halde fram som eigen kommune.

Folkeavrøystinga vil verte halden måndag 23. mai 2016.

Kommunestyret - 016/2016 - folkerøysting

 Det vert halde rådgjevande folkeavrøysting i spørsmålet om Modalen skal slå seg saman med andre kommunar eller halde fram som eigen kommune.

 Folkeavrøystinga vert halden måndag 23. mai 2016.

  Valstyret/rådmannen får ansvar for den praktiske gjennomføringa av folkeavrøystinga.

  Røysteretten føl vilkåra for røysterett ved fylkestingsval og kommunestyreval (vallova § 2-2, (1) og (2). I tillegg har alle som fyller 16 år i løpet av valåret (født i

   2000) røysterett så langt dei fyller dei andre vilkåra. Skjeringsdato for borgarar frå anna nordisk land vert sett til 01.01.2016. For å kunne røyste må veljaren vere 
   innført i manntalet i Modalen kommune.        

    Det skal innhentast manntal som inneheld alle med røysterett pr 01.01.2016.

    Det vert delegert til valstyre/rådmannen å syte for utsending av valkort og utlegging av manntal i samsvar med vallova § 2-6 og handsame krav om retting i samsvar  
    med vallova    §§ 2-7 og 2-8.

    Valstyret vert delegert mynde til å avgjere endelig utforming av røystesetlar.

    Det skal leggjast til rette får å førehandsrøyste i perioden 9.05.2016 til 20.05.2016.

    Førehandsrøystinga føl reglane i vallova så langt det er praktisk mogleg. Rådmannen oppnemner røystemottakarar og legg til rette for førehandsrøystinga.

    Valstyret vert delegert fullmakt til å utarbeide prosedyre for postrøysting i same periode som det er opna før førehandsrøysting.

    Valstyret avgjer kor røystegjevinga på valdagen skal føregå, fastset tider for røystinga og oppnemner røystestyrer.

    Reglane i kapittel 10 i vallova om godkjenning av røystesetlar, oppteljing og protokoll vert lagt til grunn så langt det er relevant.

    Valstyre utarbeider prosedyre for å handsame eventuell klage på røystinga, under dette avklare eksternt klageorgan.

 

Kommunestyret - 017/2016 – høyring av intensjonsavtale og folkemøte

Kommunestyret legg intensjonsavtale datert 1. mars 2016 «Forhandlingsutvala til Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen og Radøy sin intensjonsavtale for ny kommune» ut på høyring. Høyringsperioden vert sett frå 15. mars til 15. april.

Kommunestyret vil i høyringsperioden gjennomføre folkemøte 12. april

Forhandlingsutvalet får fullmakt til å planleggje den praktiske gjennomføringa av folkemøte.

Modalen kommunestyre ynskjer å få førelagt ei sak om 0-alternativet, dvs. å halde fram som eigen kommune. Dette dokumentet skal vere ein del av prosessen med involvering av innbyggjarane, og 0-alternativet vert óg presentert på folkemøtet, i dialogen med innbyggarane og i folkeavrøysting.

Heile intensjonsavtalen kan du lesa her

Web levert av CustomPublish