Kommuneplan

Jamfør plan- og bygningslova skal kommunen ha ein samla kommuneplan som omfattar samfunnsdel med handlingdel samt ein arealdel (§ 11-1). Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsdokument. Den setter rammene for kommunen sine planar og tiltak, samt planar for bruk og vern av areal.

Kommuneplanen skal ta utgangspunkt i den kommunale planstrategien og legge retningslinjer og pålegg frå statlege og regionale mynde til grunn.

Samfunnsdelen skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for eit heilskapeleg  kommunesamfunn og for kommunen som organisasjon. 

Kommuneplanen sin samfunnsdel har ein handlingsdel som fastset mål for korleis planen skal følgjast opp. Handlingsdelen skal følgjast opp i Modalen kommune sin økonomiplan og i dei årlege budsjetta.

Arealdelen skal syne samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk og fastsette hovudtrekk for arealbruk. Dei juridisk bindande dokumenta for arealdelen er plankart og føresegn.

Web levert av CustomPublish