Kommuneplan for Modalen

PLANPROGRAM  - KOMMUNEPLAN FOR MODALEN

Modalen kommunestyre har vedteke å starta arbeidet med rullering av kommuneplan, samfunnsdel og arealdel for Modalen kommune.

Modalen kommune har utarbeida eit planprogram. jf. § 4-1 lov om planlegging og byggesaksbehandling. Planprogrammet viser korleis arbeidet med rullering av kommuneplanen skal organiserast. Planprogrammet peikar på viktige utfordringar i Modalssamfunnet i tida framover, og drøfter korleis me skal få til ei god lokalsamsfunnsutvikling i Modalen.  

Når kommunestyre har vedteke planprogrammet startar arbeidet med rullering av kommuneplan, samfunndel og arealdel.

Det faste utval for plansaker har i sak 07/10  vedteke å sende ut planprogrammet på høyring jf.
plan og bygningslova §20-5

Framlegget til planprogram ligg til offentleg ettersyn på biblioteket i Bryggjeslottet og Modalen kommune og heimesida: www.modalen.kommune.no

 

Web levert av CustomPublish