Du er her: Start/Tenester

Introduksjonsprogram for nytilkomne flyktningar

Tenesteomtale

Føremålet med introduksjonsprogrammet er å gjere det enklare for flyktningar å ta del i arbeidslivet og å gjere dei meir økonomisk sjølvstendige. Det er eit krav at du bur i ein kommune etter avtale med utlendingsstyresmaktene, og at du har behov for grunnleggjande kvalifisering.

Introduksjonsprogrammet skal minst innehalde opplæring i norsk og samfunnskunnskap og førebuing til deltaking i arbeidslivet. Programmet skal vere heilårleg og på fulltid og kan vare i inntil to år. Det skal setjast opp ein individuell plan ut frå opplæringsbehova til den enkelte. Deltakarar har krav på introduksjonsstønad. På årsbasis er dette to gonger grunnbeløpet i folketrygda. Personar under 25 år får 2/3 stønad. 

Målgruppe

Du er nytilkomen flyktning mellom 18 og 55 år og har fått innvilga opphaldsløyve som lista opp nedanfor. Med nytilkomen reknar ein at du har vore i landet under to år.

Dersom du tidlegare har avbrote eller avvist deltaking i programmet har ikkje kommunen plikt til å tilby deg deltaking.

Kriterium/vilkår

Eit av følgjande kriterier gjeld:

  • Du har fått asyl
  • Du er overføringsflyktning med innreiseløyve
  • Du er innvilga opphaldsløyve på humanitært grunnlag etter søknad om asyl
  • Du blir familiesameint med personar i dei gruppene som er nemnde over, som ikkje har vore busette her i meir enn fem år
  • Du har etter samlivsbrot fått opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag
  • Du har fått begrensa opphaldsløyve som medlem av barnefamilie eller som einsleg mindreårig.
Dersom du ikkje kvalifiserer til introduksjonsprogram, finst det to andre opplæringstilbod for flyktningar, Opplæring i norsk og samfunnskunnskap og Opplæring i norsk og norsk kultur for asylsøkjarar.

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Kommunen skal sørgje for introduksjonsprogrammet. Sjå spesielt introduksjonsloven § 2 om kven som kan delta og § 3 Kommunens ansvar for introduksjonsprogram.

Forskrift om norskopplæring mv. for innvandrere
Forvaltningsloven
Introduksjonsloven
Forskrift om behandling av personopplysninger etter introduksjonsloven
Forskrift til introduksjonsloven

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å sørgje for introduksjonsprogram så snart som mogleg og innan tre månader etter at du har busett deg i kommunen. Dersom du ikkje har fått tilbodet innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan rekne med at introduksjonsprogrammet kan starte.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtak om

  • løyving eller avslag på deltaking
  • introduksjonsstønaden
  • vesentlege endringar i individuell plan
  • at programmet blir stansa
  • godkjenning av permisjon
  • søknad om fritak.

Dette må skje innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 07.09.2018 15:39

Web levert av CustomPublish