INSPIRASJONSTUR FOR BØNDER, 8.–10. MARS 2016.

Landbruksforvaltinga i Masfjorden, Modalen og Vaksdal kommunar inviterer bønder til studietur om landbruk, 8. - 10. mars 2016.

 

Vi legg opp til interessante gardsbesøk og møte med bønder i Sunnhordland og Nordrogaland. Føremålet med turen er søkje kunnskap og inspirasjon hos naboane vår i «sør», og å kome saman i triveleg lag

Vi legg opp til gardsbesøk som kan samanliknast med forholda «her heime», med praktisk overføringsverdi. Det er alltid nyttig å sjå og høyre korleis andre legg opp og løysar drifta på sine bruk, og kva erfaringar dei har.

Vi held no på å utforme programmet, og presenterer her eit førebels opplegg som vi vonar er av interesse. Det kan bli endringar, og de er velkomne til å kome med ønskje, spesielt dersom de saknar nokre tema/innfallsvinklar.

Vi vonar å bli eit reisefølgje på om lag 20 deltakarar, med deltaking frå alle dei tre kommunane. Det vert busstur, med røynd og dyktig sjåfør. Vi legg opp til å finansiere det meste av turen gjennom eksterne tilskot, men det vert ein eigendel på kr 1000,- per deltakar, og mogeleg tillegg for enkeltrom.

For å få eit oversyn over kor mange som kan tenkje seg å vere med på turen, ønskjer vi at interesserte melder attende til sine repspektive kommunar, innan 08. februar: * Masfjorden komm.: Ottar Myrtveit, tlf. 56166272, E-post: Ottar.Myrtveit@masfjorden.kommune.no * Modalen komm.: Laila Bjørge, Tlf. 56599030/95735405,E-post: Laila.Bjorge@meland.kommune.no * Vaksdal komm.: Tore H. Øye, tlf. 56594452, E-post: tore.henrik.oye@vaksdal.kommune.no Tilbakemeldinga vert sett på som eit teikn på interesse, og er ikkje bindande. Frist for endeleg påmelding vil vi kome attende til. VI VONAR DE HAR LYST TIL Å VERE MED PÅ TUR!

Førebels reiserute og program

TYSDAG 8. MARS

 Avreie frå Romarheim, ca kl 16.00.

 Overnatting på Stord.

ONSDAG 9 . MARS

 Sveio smaledrift. Samdrift. Frå nyttår skal ein ung gardbrukar inn i samdrifta

 Straumøy gard i Sveio. Har utvikla næring med bakgrunn i «Inn på tunet» Les meir om garden og tilbodet: www.straumoygard.no

      Haugen Samdrift DA i Skjold. Samdrifta driv med mjølk, sau, gris besøksgard og gardsskule.

 Tveit reknskap i Vidafjord. Innlegg om økonomi og mellommenneskelege forhold ved generasjonsskifte.

 Astrid Weider, Ølensvåg. Driv med sau og har nyleg bygd nytt sauehus. Astrid arrangerer også gjetarhundkurs.

 Overnatting i Skånevik.

     Innlegg om det å vere gründer og lokalt samarbeid om bygdebasert næringsutvikling, t.d. mellom hotell og lokale bønder.

TORSDAG 10. MARS

Runar Myklebust, ung og frisk bonde frå Uskedalen i Kvinnherad som driv med mjølkeproduksjon. Har nyleg bygd ny kuflor.

 «Det grøne skiftet»; «rådhusfyrt» bioenergi levert av lokale bønder.

 Ei atypisk gardsoppleving; kunst, kultur og matservering på Guddalstunet i Guddalen. Sjå http://galleriguddal.no/guddalstunet/

 Næringsretta fleirbruk på Nestunet. Vi vitjar småbruket til Kåre Nes på Mundheim, som driv med både mjølk, sau, gardsturisme og landskapsskjøtsel. www.nestunet.com

 Heimreise ca kl 16.00

 

 

 

Web levert av CustomPublish