Innføring av nytt sakshandsamingssystem i kommunen

I veke 7 vil Modalen kommune innføre nytt sakshandsamingssystem. Det kan medføre nokre ulemper for deg som innbyggjar. I ein periode vil systemet vere nede, og i ein periode vil me ikkje ha tilgang til gamle saker. Det betyr at me kanskje ikkje kan gjere vedtaket du treng, ikkje kan få tak i det dokumentet du ønskjer innsyn i osb.

Dette er diverre naudsynt i ein overgangsperiode, som me håpar vert så kort som mogleg. Me ber innbyggjarane vere tålmodige, og reknar med å ha eit enda meir effektivt system oppe og gå etter desse vekene.

Web levert av CustomPublish