Historikk

Modalen ligg inst i Osterfjorden i Hordaland fylke.

Modalen ligg innst i Osterfjorden. Naturen er vakker med fjell og fjord og store fossefall. Kommunen grensar til Lindås, Masfjorden, Høyanger, Vik og Vaksdal. Modalen vart eigen kommune i 1910. Tidligare høyrde den til Hosanger kommune. Delar av Eksingedalen høyrde og til Modalen fram til 1964.

Lenge var sjøen vegen frå Mo til Bergen. Det tok 12 timar å ro dei 63 km til Bergen. Rundt 1890 kom dampbåtane, då vart det ei ny tid for bygdene innetter Osterfjorden. Fjorden var einaste vegen ut av dalen heilt fram til 1976, då Modalen fekk vegsamband med tunnel til Eksingedalen. Vegen til Romarheim vart opna i 1996.

Mo ligg strategisk til mellom innlandsbygdene og sjøen og det går fleire gamle ferdavegar frå vossebygdene og Eksingedalen til Modalen. I eldre tid vart fjellvegane brukt når folk frå desse bygdene skulle til byen eller kyrkje. Mo har vore kyrkjestad heilt frå mellomalderen og var eige kyrkjesokn fram til 1350. Mo kyrkje frå 1883, er den tredje kyrkja som har stått på same staden. Modalen har fenge namn etter garden og kyrkjestaden Mo.

Ved innløpet til Mostraumen er det funne helleristingar frå Bronsealderen. Desse er omlag 3000 år gamle.

Lyrikaren Olav Nygard var fødd på fjellgarden Nygard øvst i Modalen. Olav Nygard er rekna mellom dei fremste i norsk lyrikk. Han etterlet seg berrre fire små diktsamlingar men i kvalitet ruvar livsverket hans.

 

Web levert av CustomPublish