Frikort for helsetenester frå 2017

Frå 2017 slepp du å søkja om frikort for helsetenester.

Frå 2017 slepp du å søke om frikort for helsetenester

Frikort for eigendelstak 2 er automatisert frå 1. januar 2017. Frå denne datoen slepp du å søke om frikort for helsetenester. Det kjem automatisk i posten innan tre veker etter at eigendelstaket på 1 990 kroner er nådd. 

Vi har to frikortordningar i Noreg, ei for eigendelstak 1 og ei for eigendelstak 2. Dei gjeld for ulike tenester. Har du fått frikort i den eine ordninga, kan du ikkje nytte det i den andre ordninga. Frikort eigendelstak 1 er allereie automatisert, og frå nyttår vart også ordninga for frikort eigendelstak 2 automatisert.

I frikort eigendelstak 2 inngår eigendelar for:

  • undersøking og behandling hos fysioterapeut med driftstilskott eller fastlønna fysioterapeut i kommunen

  • nokre former for tannbehandling

  • opphald ved rehabiliteringsinstitusjonar som har driftsavtale med regionalt helseføretak

  • behandlingsreiser til utlandet i regi av Oslo universitetssykehus- Rikshospitalet

Dette er nytt frå 1. januar 2017:

 

  • Du får frikort eigendelstak 2 utan å søke om det. Det kjem automatisk i posten innan tre veker etter at eigendelstaket er nådd.

  • Eigendelstaket for frikort eigendelstak 2 for 2017 er 1990 kroner

  • Har du betalt for mykje, blir beløpet du har krav på automatisk tilbakebetalt.

  • Aldersgrensa for eigendelsfritak er heva frå 12 til 16 år.

  • Alle pasientar må betale eigendel for behandling hos fysioterapeut – med unntak av born under 16 år og personar med yrkesskade. Dette vart vedtatt av Stortinget ved behandling av statsbudsjettet for 2017.

  • Du kan sjølv følgje med på dine registrerte eigendelar ved å logge inn på helsenorge.no.

 

Frikort eigendelstak 1 – nytt eigendelstak for 2017: 2 205 kroner

I frikort eigendelstak 1 inngår eigendelar frå lege, psykolog, poliklinikk (sjukehus), røntgeninstitutt, pasientreiser og medisinar og utstyr på blå resept.

Dette frikortet får du automatisk i posten innan tre veker når du har betalt over ​2​ 205 kroner i eigendelar i 2017.

 

Meir informasjon på: helsenorge.no/frikort

Web levert av CustomPublish