HELSEPRATEN

Nytt om drosje-rekvisisjonar

Dersom du treng drosje av medisinske grunnar for å kome deg til/frå behandlar, har du rett på rekvisisjon frå behandlar og betaler då kun ein eigendel for reisa.

Ved legekontoret lagar me rekvisisjonar for :

-alle reiser til/frå ved legekontoret
-reise til sjukehus/spesialist ved 1. gongs undersøking/behandling

Sjukehus/spesialist lagar rekvisisjon for:

-Heimreise frå sjukehus
-Reise til sjukehus/spesialist for avtalt kontroll der.

Fysioterapeut lagar rekvisisjon for

-Reise til/frå behandling hjå fysioterapeut

Rekvisisjon blir frå 07.09.10 sendt elektronisk ( via data) frå Modalen legekontor til Avdeling for pasientreiser, og ingen papirversjon vil lengre vere nødvendig.

Når du har avtalt med behandlar at du har rett på drosje, og behandlar har gitt melding til Pasientreiser om dette, kan du sjølv bestille drosjen ved å ringe 05515. Du kan også få andre til å hjelpe deg med å bestille reisa. Bestillinga skal vere gjort innan kl 13 dagen før behandling dersom mogleg.

 

I særskilde tilfeller der det ikkje er mogleg å kontakte Pasientrreiser i opningstida ( 07-17 på kvardagar), kan behandler skrive papir-rekvisisjon som tidlegare, og reise bestillast direkte frå taxi-sentral. Døme på dette kan vere reise til/frå legevakt.

 

Treng du drosje fordi rutegåande transport ikkje er tilgjengeleg:  kontakt Pasientreiser direkte på tlf 05515. Dette må gjerast innan kl 13 dagen før du skal til behandling. Det trengs då ikkje rekvisisjon frå lege.

Nye opningstider ved legekontoret
Minner om våre nye opningstider frå januar-2011:

Måndag 08-15.30

Tysdag 08.15.30

Torsdag 08-15.30

Det er måndag og torsdag som no blir opne for vanlege lege-konsultasjoner.
Me utfører også øyeblikkeleg hjelp i opningstid tysdag og når legen er på kontoret for å utføre anna arbeid. Har du behov for rask legehjelp - ring difor først legekontoret i Modalen før du evt kontakter legevakt i Knarvik.   

Web levert av CustomPublish