Har du bilete og/eller historiar å dele omkring Modalen kommune sin sandindustrihistorie?

Sigrun Dale og kulturkontoret ynskjer å sjå om det let seg gjere å lage ei permanent utstilling i Bryggjeslottet som kan dokumentere sandindustrien si historie i Modalen.

I den samanheng ynskjer me å høyre med innbyggjarar o.a. om nokon har bilete og/eller historiar å dele med oss. Delar av historia er dokumentert tidlegare, og kommunen har dette tilgjengeleg i arkiva sine.

Det kan likevel vere at somme har liggjande noko meir no når me vil gå litt nærare inn i historia.

Me er interessert i alt som kan vere med å setje lys på kvardagslivet, utstyr og hendingar knytt til industrien.


Dersom du har lyst til å dele, så ta gjerne kontakt med:

Sigrun Dale – sigrundale@yahoo.no

Ove Sæbø – ove.sebo@modalen.kommune.no

 

Web levert av CustomPublish