Gardbrukarar i Vaksdal og Modalen

Isbrann?

Vi har registrert vinterskade på eng i Vaksdal og Modalen kommuner. Her finn du litt informasjon om vinterskade på eng og erstatning.

For vinterskader på eng kan det gjevast erstatning når føretaket utbetrar enga for å avgrense avlingssvikten.

Kva er vinterskade?
Som vinterskader på eng reknast skader grunna fysiske og/eller biotiske tilhøve som frost, isdekke, vanndekke, uttørking, oppfrysing eller overvintringssopp.
Korleis søkjer ein erstatning?
Søkjar må melde frå til kommunen om vinterskadene i god tid før utbetringa av enga startes. Ein skal ikkje starte utbetring før kommunen har utførd feltkontroll. Enga skal utbetrast innan 15.06.
Søknad skal sendast kommunen innan 15.07.
Korleis bereknast erstatninga?
For vinterskader er det ein fast erstatningssats på kr 330 per daa (2011).
Eigendelen er på 20% av totalt innvintra areal.
Minste sum for utbetaling ved vinterskader er kr 1.000.

Har du meir enn 20% skade på engareala dine, ta kontakt med din kommune.

Modalen:        Laila Bjørge               mobiltelefon   957 35 405
Vaksdal:         Sture Helle                telefon            56 59 44 53     mob 476 01 215

Web levert av CustomPublish