Ras

Ras

Oppstart av arbeide på den utrasa vegen starta

Fv 569 ved Otterstad, på strekninga Dalseid – Romarheim opnar for tungtrafikk

Den nye omkjøringsvegen forbi rasstaden opnar for tungtrafikk tirsdag 18.10.16 kl 07.00.

Sjå skilting.

Arbeidet med å rusta opp den utrasa delen av vegen forbi Otterstad tek til 18.10.16.

 

 

 

 

 

 

Statens vegvesen (STV) vil i dag (27. sept.) starte opp arbeidet med vøling av fylkesvegen på Otterstad.

Flage Maskin AS har inngått kontrakt med STV om arbeidet. Kostnaden for prosjektet vert mellom 4- 5 millionar kroner. Arbeidet vil verte utført kontinuerleg,  men vil ta om lag 2 månader frå oppstart.

Det skal først lagast ein omkjøringsveg for tyngre bilar forbi ras-staden. STV anslår at det vil ta 7-8 dagar før denne vegen er etablert. Vegen skal gå frå «Nye brua» over sandtaket og bak tuna på Otterstad før den kjem inn på vegen opp til Heiane.

Småbilar skal framleis nytte den kommunale omkøyringsvegen som i dag. Omkøyringsvegar vil verte skilta.

Arbeidet med oppbygging av ny veg vil starte så snart omkøyringsvegen er på plass. 50-70 meter ny veg skal byggjast opp. Det skal lagast eit fundament for ny veg ute i elva. Dette må gjerast før vegen kan murast opp att. Framdrifta vil vere avhengig av vassmengda som går i elva. Mykje flaum kan forsinke arbeidet noko.

Kommunen vil leggje ut ny informasjon etter kvart som noko er å melde.

 

Oppdatering status 20.09.16

Fv 569 vegstenginga ved Otterstad

 

STV er i prosess med å finne ein entreprenør til å både reparere Fv 569 og byggje ein omkjøringsveg. Dei har fått tillatelse til å køyre ein rask anbodsrunde. Dei vil ta befaring med entreprenørane i løpet av denne veka (veke 38), og planlegg å velge entreprenør før fredag. Då kan entreprenøren som får anbodet byrja på omkjøringsvegen på måndag. Dei byrjar på reparasjon av Fv 569 når omkjøringsvegen er klar.

 

Oppdatering status  15.09.16 
Fv 569 vegstenginga ved Otterstad

Statens vegvesen (STV) har i dag vore på ei ny synfaring i Modalen. Dei har  vurdert ulike tiltak for å etablere ein midlertidig omkøyringsveg for tungtrafikk forbi Otterstad. Etter synfaring, drøfting med grunneigar og møte med Modalen kommune vert det no planlagt å lage til ei midlertidig vegløysing. Arbeidet vil venteleg kome i gang tidleg i neste veke. Kommunen er positiv til skissert løysing og er vel nøgd med STV sin vilje og innsats til å få gjennomført dette. 

Løysinga med å byggje opp att vegen som er rast ut i Modalselva er no klar. STV skal mure opp ein ny vegfront mot elva i stein og fylle opp att med steinmassar innanfor.  Det må gjerast ulike tiltak i høve dei dårleg grunntilhøva før arbeidet vert sett i drift. STV set alt inn på å få på plass ein snarleg kontrakt med entreprenør til å utføre begge arbeida. Truleg vil det gå eit par månader før vegen er vølt att.

 

Oppdatering status  07.09.16 - Fv 569 vegstenginga ved Otterstad

Kommunen har i dag fått opplyst av vegen vil verte stengt ei lengre tid enn  først føresett.

Grunnforholda er svært dårlege og det må  gjennomførast større utbetringsarbeid.
Kva løysing som skal nyttast vil tidlegast verte avklart tysdag/onsdag i neste veke (v38)

 

Oppdatert info 06.09.2016

Grunnboringar som vart gjennomført sist torsdag syner at det er mykje leire i området der vegen rasa ut. Det vert no jobba med løysing og planar for å byggje opp att vegen. Statens vegvesen reknar med at dei vil ha ei løysing på plass til onsdag. Arbeid med vøling av vegen vil tidlegast starte opp i slutten av veka.

 

Saka vil verte oppdatert onsdag.

 

Oppdatert info 01.09.2016

Statens vegvesen har i dag vore på synfaring på Otterstad. Geoteknikar var på plass og gjorde ei første vurdering av skadane på vegen. I morgo vil det verte gjennomført grunnboringar langs elva.

Korleis vegen skal vølast vil avhenge av grunntilhøva er og kva type massar som er i området. Dersom ein finn mykje leire så må det større sikringsarbeid til før vegen kan byggjast opp att.

 

STV kan i dag ikkje sei noko om korlenge vegen vil verte stengd, men arbeidet kjem tidlegast i gong i neste veke.Omkjøringsveg for bilar med  opptil 3 tonn akseltrykk er no godt skilta. Kommunal veg på Otterstad er stengd for all gjennomkøyring.

Informasjon om status vert oppdatert seinast på måndag.

 

31.08.2016
Om lag 20 meter av fylkesvegen ved Otterstad på Mo er rast ut i elva. Vegen er derfor stengd. Småbilar under 3.5 tonn kan kjøre forbi staden på alternativ kommunal veg over gamlebrua på Mo.

Statens vegvesen har skilta om stengninga på Romarheim, Dalseid og Evanger

Veg
Veg
Web levert av CustomPublish