Fv 345 , Skavlane - open for allmen ferdsel via omkøyringsvegen

Fylkesveg 345 til Steinsland er framleis stengt av eit snøskred ved Skavlane, i sørenden av Steinslandsvatnet. Omkøyringsveg gjennom BKK-tunnelen er open. Geolog var på staden torsdag 03.04 og såg på skredfaren frå helikopter. Skredfaren var liten då, med nattefrost og stabile snøtilhøve. Men no har veret endra seg, og med mildver og regn har skredfaren auka. Det ligg store snømengder på svaene 800-900 m.o.h. Vegen vert difor ikkje opna før påske. Det vert teke ny vurdering like over påske. Som nemnt er vegen open for allmen ferdsel via omkøyringsvegen, men tunnelen har avgrensing i høgde, ca 3,5 meter.
Web levert av CustomPublish