Folkerøysting 23. mai og folkemøte 12. april om kommunereforma

Kommunestyret har no vedteke at det skal haldast ei rådgjevande folkeavrøysting i spørsmålet om Modalen skal slå seg saman med andre kommunar eller halde fram som eigen kommune.

Folkeavrøystinga vil verte halden måndag 23. mai 2016.
Folkemøtet er flytta til 12. april.

Alle som er busett og som har røysterett i Modalen pr 01.01.2016 ved fylkestingsval og kommunestyreval kan delta. I tillegg vil alle som fyller 16 år i løpet av valåret (født i 2000) få røyste så langt dei fyller dei andre vilkåra.

Kommunestyre har også vedteke at det skal haldast eit folkemøte onsdag den 12. april.  Folkemøtet vil vere del av høyringa av intensjonsavtalen om å skipa ein ny Nordhordland kommune eller om Modalen skal halde fram som eigen kommune.

Web levert av CustomPublish