Folkehelseprofil 2013 for Modalen kommune

Folkehelseprofil 2013 for Modalen kommune

Med folkehelse meiner ein korleis helsa er i befolkninga. Alt arbeid som fremjar helse og trivsel, og som førebyggjer sjukdom, skade og liding er å rekna som folkehelsearbeid.
Den største sjukdomsbelastninga den vestlege verda i dag er sjukdommar knytt opp til levevanar. Mykje av grunnlaget for god helse gjennom heile livet vert lagt i barne og ungdomsåra. Å lære born og ungdom gode levevanar er difor ei viktig investering i folkehelsa.

Folkehelseinstituttet utarbeider kvart år ei oversikt over sentrale trekk ved folkehelsa i kommunane. For Modalen sitt vedkommande er mykje av talgrunnlaget prega av at det er for små tal til å kunna seie noko sikkert om stoda. Oversikta kan likevel gje den enkelte av oss eit grunnlag til å reflektere litt rundt faktorar som påverkar helsa i befolkninga.

Folkehelse Modalen
 

 

Web levert av CustomPublish