Førehandsrøysting

Veljarar som ønskjer det kan førehandsrøyste frå 10. august og fram til og med fredag 8. september på kommunehuset, måndag – fredag kl. 10.00 – 14.00. I tillegg vert det halde ope for førehandsrøysting same stad laurdag 2. september kl. 11.00 – 14.00.

Veljarar på helseinstitusjonar i Modalen kommune kan førehandsrøyste på

Modalstunet tysdag 5. september kl. 11.00 – 12.00.

 

Ta med valkort og gyldig legitimasjon når du skal røyste.

 

Ambulerande røysting:

Veljarar som grunna sjukdom eller fordi dei er uføre ikkje kan koma seg til røystelokalet, kan søkje om å røyste heime. Søknad om slik røysting sendast til Modalen kommune, valstyret, postboks 44, 5732 Modalen. Frist for å søkje om å få røyste heime er sett til tysdag 5. september.

Tidlegrøysting:

Dersom du ikkje kan førehandsrøyste i tida 10. august til 8. september eller røyste på valdagen 11. september, er det opna for tidlegrøysting frå 3. juli til 9. august. Tidlegrøysting vert på kundetorget på kommunehuset måndag – fredag frå kl. 10.00 – 14.00. Dei som ønskjer å tidlegrøyste bør ta kontakt med kommunen på telefon 56599000 og avtale tidspunkt.

 

Web levert av CustomPublish