FERIEVIKARAR

I sommar i tidsrommet 20 juni - 14 august har me behov for ferievikarar innan desse fagområda:

Sjukepleiarar, fagarbeidarar  og ufaglærte med erfaring frå pleie, reinhald eller kjøkken.

Modalstunet er hovudbasen i Pleie- og omsorgstenesta, som omfattar institusjonsomsorg, heimesjukepleie og heimehjelp.

Det må oppgjevast i søknaden kva arbeidsområde du ynskjer å arbeida innafor.

Den som søkjer må kunna gå inn i oppsett arbeidsplan.

Spørsmål kan rettast til
avdelingssjukepleiar Anne Hilde Skadal 56 59 90 90 eller
pleie- og omsorgsleiar Bente Kvamsdal Håvåg på tlf. 56 59 90 91.

Søknadsfrist: 7.april

Løn og arbeidsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk.
Søknad vedlagt referansar og attestar vert å senda til:

Modalen Kommune

Pleie og omsorgstenesta

5729 MODALEN

Web levert av CustomPublish