Elektronisk søknad om barnehageplass

Det er snart tid for å søkje barnehageplass for neste år. Hovudopptaket for hausten 2010 skjer no om våren.

Fotograf: Margunn Farestveit
Modalen barnehage fotograf Margunn Farestveit

Søkjarar busette i Modalen kommune som har barnehageplass treng ikkje søkja kvart år, desse har plassen til den vert sagt opp eller til barnet tek til i grunnskulen. Nye søkjarar og søkjarar frå andre kommunar må søkja innan 1.mars 2010, som er fristen for hovudopptaket.
Me innfører no elektronisk søknad som eit tilbod til våre brukarar. Søknadsskjema og meir opplysningar om barnehagetilbodet i Modalen finn ein under Tenester > Barnehage. Dersom nokon treng hjelp til utfylling av skjemaet, kan ein ta kontakt med styrar i Modalen barnehage Gro Henny Mo, tlf: 56 59 91 90

Web levert av CustomPublish