Elektronisk innbyggjarinitiativ

Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) har opna ein eigen nettportal for innbyggjarinitiativ slik den er omtalt i § 39a i kommuneloven. Nettportalen vil gjere det mogleg for innbyggjarane å fremje innbyggjarinitiativ elektronisk.



MiSak
Gjennom nettportalen kan du no føreslå saker i den kommunen du bur i og samstundes samle underskrifter til støtte for saka di. Med tilstrekkeleg tal underskrifter, har du krav på å få saka handsama i kommunestyret i kommunen eller i fylkestinget i fylkeskommunen. Når du har samla inn tilstrekkeleg med underskrifter, vil du kunne sende lista som e-post til kommunen sitt postmottak.

Nettadressa vil bli: www.minsak.no  / www.misak.no

Nettportalen som vert lansert no, omfattar alle kommunar og fylkeskommunar i Noreg.

KRD ønskjer med denne portalen å bidra til eit betre lokaldemokrati og styrke innbyggjarane sine høve til å kome fram med saker i kommunen som dei meiner kommunen bør ta fatt i.
 

 

Web levert av CustomPublish