Slik vel du digital postkasse

Modalen kommune ønskjer sende brev til den digitale postkassa di. Er du klar til å ta imot?

I Modalen kommune jobbar vi aktivt med å digitalisere tenestene våre for å gje betre service til deg som bur og driv næring i kommunen.

I 2016 skal alle statlege verksemder senda brev til den digitale postkassa du har valt. Mange kommunar vil gjere det same. Kommunane i Nordhordland har gjort ein avtale med «KS SvarUt», og vil i tur og orden ta i bruk det nye verktøyet – som gjer at vi kan sende digital post til deg.

Målet er at digital post skal erstatte dei fysiske breva i postkassa di. Digital post og e-post er ikkje det same.

 

PRIVATPERSONAR

Som privatperson kan du sjølv velje korleis du ynskjer å ta imot brev frå kommunen. Du kan velje mellom dei digitale postkassane Digipost og e-Boks, eller reservera deg og framleis få papirbrev i postkassa di.

Digital post er gratis, tryggare enn all annan postgang og tilgjengeleg uansett om du er på hytta, reise eller heime. Dessutan er det lettare å ta vare på og finna att viktige brev, når dei ligg i ei digital postkasse.

Slik skaffar du deg ei digital postkasse:

  1. Leit fram den elektroniske ID-en din, til dømes kodebrikka til din BankID. Du må identifisera deg før du kan velja digital postkasse.

  2. Avgjer om du vil ha Digipost eller e-Boks. Du kan enkelt velja på www.norge.no/nn/velg-digital-postkasse.

Når du har oppretta ei postkasse hos Digipost eller e-Boks, hamnar den digitale postkasseadressa di automatisk i eit nasjonalt kontaktregister. Du får ein SMS som stadfestar valet ditt, og er klar til å ta imot digital post frå Modalen kommune.

Dersom du ikkje opnar den digitale posten din innan 48 timer, blir brevet skrive ut og sendt til deg via Posten.

Trykk her for å gå til ei side med spørsmål og svar om digital postkasse.

 

Kan eg reservera meg?

Ja, alle privatpersonar har rett til å reservera seg mot digital post. Ønskjer du å få breva frå kommunen på papir – i postkassa di, kan du ringe ID-porten sin brukarstøtte på grønt nummer 800 30 300 eller reservere deg på heimesida til www.norge.no.

Trykk her for å reservere deg mot kommunikasjon på nett.

 

NÆRINGSLIV

Bedrifter kan ikkje reservera seg, og har berre eitt val: Du som driv næring vil få all post frå det offentlege på Altinn.

Kva må du som bedriftsleiar gjere?

Alle typar bedrifter må logge seg inn på www.altinn.no og registrera korleis dei ønskjer å få melding om eit nytt digitalt brev. Du kan registrera eit mobilnummeret, ei e-postadresse eller begge delar.

Normalt vil dagleg leiar vere registrert som brukar i Altinn. Skal andre i bedrifta handtere posten, må dagleg leiar gi vedkommande tilgang til bedrifta si meldingsboks i Altinn.

Web levert av CustomPublish