Deler du brønn med naboen?

Nye reglar stiller krav til trygt drikkevatn - og frå små vassforsyningssystem. Deler du til dømes brønn med naboen? Då må du registrere dette hos Mattilsynet innan 1. juli 2018.

Slik registrerer du vassforsyniningssystemet 

Registreringa gjer du enkelt frå mobiltelefonen. I skjemaet registrerer du vassforsyningssystemet si plassering ved å markera staden i eit kart, og det er kun nokre få tilleggsspørsmål som skal svarast på.

Trykk her for å gå til skjemaet.

Kvifor skal du registrere vassforsyningssystemet ditt?

Det er mange fordelar med å registrera vassforsyningssystemet. Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Ei slik oversikt kan for eksempel vere uunnverleg når kommunen legg planar for bruken av areala rundt brønnen og brønnområdet. Oversikten gjer det mogleg å vurdera hensyn til drikkevasskjeldene på eit tidleg tidspunkt.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Mattilsynets på tlf: 22 40 00 00, og spør om å få snakka med di lokale avdeling.

Les meir

Meir informasjon, og lenke til registreringsskjemaet, finn du på mattilsynet.no

Web levert av CustomPublish