Byggjesak

Tomtar

Bustadetablering i Modalen

Modalen kommune har ledige tomtar på Mo, Helland og Øvre Helland, for nærare informasjon om prisar og kva tomtar som er ledige, ta kontakt med teknisk etat.

Modalen kommune yter tilskot til førstegangsetablerarar, eller dei som byggjer hus for første gang i Modalen kommune. For meir informasjon sjå «Tilskotsreglar for bustadetablering i Modalen kommune»

Sjå også Husbanken sine startlånssider http://www.husbanken.no/startlaan/

 

Søknader på internett

Framleis må alle søknader handsamast i papirversjon, men det vert jobba med eit system slik at det også vert mogleg å søkja via internett. Med eit slikt tilbod, kan ein også fylgja med på handsaminga av sin eigen søknad via internett.

 

Søknadspapir

Kommunen kan framleis dela ut søknadspapir til folk som treng, men for dei som har tilgang til internett, kan det vera like lett å skriva dei ut derifrå. Statens bygningstekniske etat har lagt ut dei fleste skjema på nettet. Adressa finn du her.

 

 

 

 

 

Web levert av CustomPublish