Byggesak handsaming

Generelt:

Føremål med Plan-og bygningsloven med tilhøyrende forskrifter er å sikra produkt med god kvalitet.

Det er kommunen sitt overordna mål å føre tilsyn med at dokumenta ved ein søknad er tilstades og at sakshandsamar for dei ulike områda har tilfredsstillande kvalifikasjoner.

Dessutan skal kommunen sjå til at alle krav som offentlege lover og forskrifter krev, er oppfylte i dokumentasjonen før løyve til tiltak vert gjeve.

Sakshandsaming.

Dei fleste enkle tiltak som det vert søkt om i Modalen, er av ein slik type at dette er saker som kan avgjerast ved at løyve vert gjeve ved delegert vedtak. (Kurante saker).

Slike saker prøver me å handsama etter kvart som dei kjem inn. Der alle detaljer er avklara, vil løyve normalt vere gjeve innan 1 månad frå søknad er motteken.

Ved meir ”kompliserte” søknader der fleire ulike instansar skal uttale seg før løyve vert gjeve, vil det nødvendigvis gå lengre tid.

Saker som ikkje kan handsamast som delegerte saker, vert handsama politisk og då er sakshandsamingstida noko avhengig av kor ofte det er politiske møte.

Sakstyper:

Det er tiltaket sin art som bestemmer sakstype. Det er ulike krav for dokumentasjon og handsaming for de ulike sakstypene.

  • Tiltak som verken krev melding eller søknad
  • Tiltak som vert handsama som melding
  • Tiltak som vert handsama som enkle tiltak eller eit trinns tiltak

Dokumentasjon som skal leggjast ved for dei ulike søknadene om løyve, skal ikkje ha eit større omfang enn naudsynt.

Det er opp til kommunen å vurdere kva som er ”naudsynt”. Eksempel på tiltak som ikkje krev melding eller søknad: Frittliggjande bygning på bebygd bustad- eller fritidseigedom med grunnflate opp til 15 m² og som ikkje skal brukast til varig opphold for personar.

Mindre fasadeendringar. Flytting/oppsetting av ikkje berende vegg innafor ei branncelle. Mindre tiltak utandørs (Kva typer får ein opplyst ved å kontakta teknisk etat).

Web levert av CustomPublish