Bygdekompasset startar opp i Hordaland

Hordaland Bondelag startar no opp Bygdekompasset i februar/mars, og bønder som er interessert i å delta må ta kontakt med bondelaget snarast.
Bygdekompasset er eit bedriftsutviklingsprogram for norske gardsbruk og småbedrifter. Hovudmålet er å skape strategiske prosessar i bedriftene og bygdene. Målgruppa er bonden og bondefamilien eller andre som driv småbedrifter i distrikta. Under leiing av spesialutdanna rettleiar/prosessdrivar, med enkeltdeltakaren i sentrum, skal gruppeprosessar gjennomførast i eit fagleg fellesskap. Tema på kursa er m.a. eigne ressursar, omverda, økonomi ogvegval. Kurset er godt egna dersom du /de står framfor viktige val med omsyn til vidare drift, som t.d. samdrift, generasjonsskifte eller store investeringar. Meir informasjon om Bygdekompasset og opplegget i Hordaland finn du ved å kontakte Bondelaget i Hordaland v/Geir Totland geir.totland@bondelaget.no eller tlf. 55 54 67 94/99 64 26 00
Web levert av CustomPublish