Budsjett og økonomiplan 2016 - 2019

Kommunestyret har no vedteke Budsjett/økonomiplan 2016-19

 

I møte den 10. des. vedtok kommunestyret budsjettet for 2016. Det vart gjort nokre mindre endringar i høve formannskapet si tilråding.

I driftsbudsjettet for 2016 er det lagt til grunn:

Tilskot til politisk parti er redusert

Det er oppretta eit ungdomsråd, kr 50.000 avsett til føremålet

Tilskot til Mo sokn vart auka med 3 %, men dåføresett at sokna nytta eigne midlar (kr 120.000) til maling av kyrkja

Tilbod om snøbrøyting og plenklipping vil verte avvikla i 2. halvår 2016

Tilskot til internett vert avvikla frå nyttår

Stipendordinga for elevar i vidaregåande skule skal evalureast i løpet av 1. halvår

I investerinsgplanen vart det vedteke mindre endringar for 2017 slik det framgår av punkt 1 i kommunestyrevedtaket.

Betaling for kommunale tenester 2016 vart vedteke slik dei var føreslege.
 

Kommunestyret gjorde slik budsjettvedtak (sak054/2016):

Modalen kommune sitt budsjett for 2016 og økonomiplan for 2016-2019 vert vedteke med desse endringar i høve formannskapet sitt framlegg til investeringar:
Avsetning til tomtefelt Mo og Øvre Helland vert i 2017 redusert med kr 200.000 og midlane vert sett av til møblar fellesareal ved Modalstunet i 2017.

Det vert avsett kr 900.000 i økonomiplanen for 2017 til prosjekt bygging av ny innandørs skytebane i Modalen.
Kostnaden til tiltaket nytt ventilasjonsanlegg (bustader Mo) vert fordelt over 2 år - kr 150.000 i 2016 og kr 150.000 i 2017. Kr 150.000 vert overført til posten oppgradering kommunale uteområde på Mo og Øvre Helland

Liste over småinvesteringar i budsjettdokumentet vert godkjent og skal innarbeidast i talbudsjett og rammer for 2016

Eigedomsskatt 2016

For eigedomsskatteåret 2016 vert det skrive ut eigedomsskatt på verk og bruk, jfr eigedomsskattelova § 3 fyrste ledd bokstav c.

Den alminnelege eigedomsskattesatsen i Modalen kommune er 7 promille, jfr eigedomsskattelova § 11 fyrste ledd.

Eigedomsskatten for 2016 forfell til betaling i 2 terminar: 31. mars og 30. september, jfr eigedomsskattelova § 25

Klagenemnda for eigedomsskatt har kompetanse til å handsama klager etter § 19 i eigedomsskattelova, jfr § 20 i eigedomsskattelova.

Låneopptak frå Husbanken til vidareformidling vert fastsett til kr 300 000 for 2016. Rådmannen har fullmakt til å gjennomføre låneopptaket.

 

 

Web levert av CustomPublish