Budsjett - økonomiplan

I møte den 12. desember vedtok kommunestyret årsbudsjettet for 2014  og økonomiplan for 2014 -2017.

Driftsbudsjettet legg opp til å videreføre drifta i kommunen med kvalitet på tenestenivået som for 2013. Ulike kommunale gebyr og avgifter vert auka med 5 %. Renovasjonsavgifta vert uendra.

Følgjande større investeringar  vart vedtekne gjennomført i 2014:

  • Oppgradering av bebuarrom  og kjøkken ved Modalstunet – kostnad kr 1.8 million
  • Installasjon av UV-filter og utbetring av lokale ved vassverket på Øvre Helland – kr 800.000
  • Avsetting av midlar til ny brannbil – kr 1.0 million (planlagt kjøp i 2015)

Totalt er det sett av kr 5.5 million til ulike investeringar i 2014.

Kommunestyret vedtok også at administrasjonen i samarbeid med Modalen idrettslag skal greie ut kostnader for å etablere ei kunstgrasbane på Mo.

Web levert av CustomPublish