Brøyting til eldre og funksjonshemma

Frå og med denne vintersesongen er den kommunale ordninga med brøyting til eldre og funksjonshemma avvikla. Dersom du treng brøyting i eigen innkjørsel må du avtale dette sjølv med nokon som brøyter i området der du bur.

Samstundes som ordninga med komunal brøyting vert avvikla vert det  innført ei ny ordning med tilskot til brøyting for husstandar med låg inntekt.

Retningslinjene for tilskot:

Eldre og funksjonshemma kan søkje Modalen kommune om brøytetilskot til privat bustad. Tilskotet er behovsprøvd, og vert gjeve til:
- Husstandar med eit medlem og brutto inntekt under 3 G
- Husstandar med meir enn eit medlem og brutto inntekt under 4 G

Storleiken på tilskotet:
0-100 meter veg         = Inntil kr. 2.000,- pr. vinter
Over 100 meter veg  = Inntil kr. 3.000,- pr. vinter
Dersom fleire husstandar deler på vegen vert tilskotet gjeve forholdsmessig.

Inntektsgrensa for tilskot er rekna ut frå Grunnbeløpet i folketrygda. Pr 1.mai 2016 er dette på kr. 92.576,-. Einehushald med bruttoinntekt under kr. 277.728,- og fleirhushald under 370.304,- kjem inn under tilskotsordninga.

Her er ei liste over private næringsdrivande som tek på seg brøyteoppdrag etter avtale:

Geir Høvik  95 98 76 06
Frank Stian Steinsland  99 39 03 30
Endre Mo  40 06 16 83
Espen Helland  97 15 90 93
Ole Anders Heimdal  90 70 46 48

 

Web levert av CustomPublish