Modalen brannvern

Frå 1.5.2017 er Modalen med i eit utvida brannsamarbeid gjennom Lindås, Meland og Modalen brann og redning (LMMBR).

Karl Johannes Romarheim har frå same dato overteke som brannsjef også for mannskapa i Modalen.

LMMBR vil ha eit deltidsmannskap stasjonert i Modalen med brannstasjon på Mo. Branndepotet med diverse utstyr på Øvre Helland vil også verte vidareført.

Feiartenesta i eit samarbeid mellom kommunane Masfjorden, Modalen, Gulen og Solund vert vidareført som før.

Likeeins vert etablert samarbeid om ei felles førebyggjande avdeling innan brannvern halde fram.

Det nye brannsamarbeidet skal styrkje kompetansen til mannskapa i Modalen og ein vil kunne trekke vekslar på ein større mannskapsstyrke og meir utstyr ved behov.

Lindås , Meland og Modalen brannvern

Web levert av CustomPublish