Boss vert henta trass konkurs

Dersom du ikkje får anna melding på sms, kan du setje ut bossdunken din som normalt.

NGIR har i dag denne meldinga på sine heimesider, som også gjeld Modalen:

RenoNorden hentar avfall i heile NGIR-regionen. Foreløpig veit me ikkje korleis resten av veka vert. Dersom det vert endringar i bosshentinga, får hushaldskundane som vert råka varsel på SMS.

Bosshenting som normalt

Inntil vidare vert avfallet henta som normalt. Dersom ein ikkje får anna beskjed på SMS, kan ein setja ut bossdunkane til vanleg tid på tømmedagen. La dunkane stå til dei er tømde.

Konteinartransport går som normalt
Konteinartransport med liftbil og krokbil går som normalt. Det er Nortrans i Knarvik som har kontrakt på køyring av konteinarar i NGIR-området, og denne held fram som før.

Ikkje ring NGIR – les SMS, nettsider og Facebooksider

Denne situasjonen er krevjande. NGIR ber om at kundane i størst mogleg grad unngår å ringja med spørsmål kring bosstømming. Du kan halda deg oppdatert både på https://www.facebook.com/ngirrenovasjon og på http://ngir.no/.


NGIR beklagar dei ulempene dette kan føra til for kundane våre. 

 

 

 

 

Web levert av CustomPublish