KRISE- og BEREDSKAPSPLAN

Modalen kommune

Modalen kommune sin plan for krise og  beredskap har slikt føremål:

Modalen kommune skal ha tilfredsstillande beredskap mot aktuelle kriser og uønska hendingar

Det skal takast naudsynte beredskapsmessige omsyn ved kommunal planlegging, utbygging og drift

Kommunen skal vera førebudd på raskt å kunna setja i verk tiltak, når krise har oppstått.

Beredskapsplanen inneheldt ei oversikt over kva tiltak kommunen har førebudd for å handtere uønska hendingar. Her finn ein plan for kommunen si kriseleiing, varslingslister, ressursoversikt, evakueringsplan og plan for informasjon til befolkninga og media.

Web levert av CustomPublish