Jente ved port

Jente ved port

Barnehage

Redusert foreldrebetaling om du har låg inntekt.

 

 

Modalen kommune sine satsar for foreldrebetaling vert vedteke av Kommunestyret kvart år i samband med budsjetthandsaminga. For 2015 er satsen for ein fulltidsplass kr. 1.940,- pr. md. I tillegg kjem betaling for måltid med kr. 265,- pr. md.

Har du låg inntekt?

Det er innført to nasjonale moderasjonsordninger for familiar med låg inntekt:

Frå 01.mai 2015 er det innført ei nasjonal ordning for reduksjon i betalinga. Dersom foreldrebetalinga er høgare enn 6% av samla inntekt til familien eller hushaldninga, kan ein søkje om redusert pris.  Med våre barnehagesatsar vil dette i 2015 gjelde for hushaldningar som har ei samla inntekt som er lågare enn kr 356 000,-. 

Frå 1. august 2015 – Gratis kjernetid for 4- og 5-åringar. Dette gjeld for 4- og 5-åringar og barn med utsett skulestart og der familien/hushaldninga si samla inntekt er mindre enn kr 405 000,-.

Korleis er søknadsprosessen?

Familiar som ligg i inntektsområdet mellom kr. 356.000,- og kr. 405.000,- kan søkje om reduksjon i foreldrebetalinga/gratis kjernetid. Elektronisk søknadsskjema finn du på heimesida til kommunen på www.modalen.kommune.no Det må leggast ved likningsattest for 2014 eller, viss denne manglar, oversikt over inntekter for perioden januar – mai 2015. Vedtak om reduksjon etter denne ordninga gjeld for eitt barnehageår om gongen.

Foreldrebetalinga skal reknast ut frå husholdninga si samla skattepliktige kapital- og personinntekt.

Vedtak gjeld frå 1. august 2015, og for eitt barnehageår om gongen.

Søknadsfrist 1.september, innkomne søknader etter denne dato vert vurdert frå søknadstidspunktet.

Foreldre busette i andre kommunar må søkje betalingsreduksjon i kommunen der ein er busett.

Du søkjer her:

Web levert av CustomPublish