Mo skule

Mo skule

Avslutningsfest for 10.klasse

Torsdag 16.juni var det avslutningsfest for 10.klasse ved Mo skule. Det var ei verdig og flott markering i kantina på skulen der 8.-9.klasse saman med faglærar i M&H hadde laga til ein imponerande bufè med tapas-inspirert mat.

Festkledde elevar, foreldre og tilsette hadde ein minnerik kveld med tilbakeblikk på åra i grunnskulen.  Elevane fekk med seg gode ord og råd om framtida av ordførar Tom Kristian Thorsen.

Me ynskjer denne fantastiske gjengen lukke til med framtida, og takkar for tida me har fått «lånt» dykk på Mo skule!

Rektor

Web levert av CustomPublish