(Hjem)
Modalen kommune
Kontakt oss
Modalen Kommune
Kommuneadministrasjonen
Pb. 44
5729  Modalen
 
E-post : postmottak@modalen.kommune.no
 
 
Telefon : 56 59 90 00
Faks : 56 59 90 01
Org.nr. : 964 969 302
Kommunenr. : 1252
_
Opningstid : 08.00-15.30
Kultur og miljø

Kultur- og miljøkontoret ligg i samfunnshuset på Mo 2. høgda.

Leif- Egil  Vatnøy er tilsett som kultursjef-vikar medan Kristin Nåmdal har permisjon frå stillinga.


Kontakt kulturkontoret: Tlf. 56 59 90 04.

Modalen kommune har eit rikt kulturliv.  Kommunen kan tilby mellom anna musikk- og kulturskule. I Bryggjeslottet, allaktivitetshuset vårt, har vi symjehall, bibliotek, bowling og treningsrom. Her er det mange aktivitetar, organiserte  idrettstilbod, teater, junior- og ungdomsklubb og open hall.  Dette er òg ein møtestad for barnefamiliar. Bygdekinoen har framsyningar på Bryggjeslottet.

Kommunen har mange kulturminne. Kulturminnevern er ei høgt prioritert oppgåve. Det er utarbeidd ein kulturminnevernplan og me har tilskotsordningar for restaurering av kulturminne.

Modalen kommune har fått laga fleire lokalhistoriske bøker: Modalsmat, Menneske i naturen, Ei historisk reise i bilete, Bygdebok , bind 1 og 2 og Elva som fødde bygda. Desse kan ein få kjøpt i kommunen og på Coop Modalen.

Modalen kommune er stolt av å ha fleire aktive lag og organisasjonar innan mange ulike interesseområde. Me har ein kulturkalender som kjem ut kvar 6 veke. Me oppmodar folk til å melde inn aktivitetar i denne.

Turar i Modalen og Stølsheimen

Modalen er turkommunen og innfallsporten til Stølsheimen, det store fjellområdet mellom Sogn og Vossebygdene. Dette er eit av dei vakraste fjellområda på Vestlandet. Modalen har naturperler som Otterstadstølen, Slottet og Nygardsområdet. Her er mange merka turvegar og eit godt høve for jakt, fiske og friluftsliv. Modalen har eit variert og unikt turterreng. I desse fjellområda kan du finna både glede, mosjon og stille ettertanke.

            Ansvarsområde kultur, fritid og miljø

·         Den kulturelle skulesekken

·         Statlege spelemidlar

·         Turistinformasjon

·         Junior og ungdomsklubb

·         Tilskot til lag og organisasjonar

·          Tilskot til kulturminnevern

·          Samordning av aktivitetar

·          Kulturkalendar

·          Kulturarrangement, Modalsdagane og Borna sin dag

·          Tilrettelegging for friluftsliv

·          Sekretær i fagrådet for Modalsvassdraget

·          Løyve til motorferdsel

Kulturkontoret samarbeidar med skule og bibliotek og barnehage om forfattarvitjingar, barneteater, utstillingar, konsertar og kulturkveldar.