(Hjem)
Modalen kommune
Kontakt oss
Modalen Kommune
Kommuneadministrasjonen
Pb. 44
5729  Modalen
 
E-post : postmottak@modalen.kommune.no
 
 
Telefon : 56 59 90 00
Faks : 56 59 90 01
Org.nr. : 964 969 302
Kommunenr. : 1252
_
Opningstid : 08.00-15.30
Tur til Modalen
Hellandsdalen

Modalen er turkommunen og innfallsporten til Stølsheimen, det store fjellområdet mellom Sogn og Vossebygdene. Dette er eit av dei vakraste fjellområda på Vestlandet. Modalen har naturperler som Otterstadstølen, Slottet og Nygardsområdet. Her er mange merka turvegar og eit godt høve for jakt, fiske og friluftsliv. Modalen har eit variert og unikt turterreng. I desse fjellområda kan du finna både glede, mosjon og stille ettertanke.

I Modalen er det mange stølar som  er flotte turmål. Vegen opp er merka og ofte lett å ta seg fram på .Turen i eit gamalt kulturlandskap og stølane ligg  vakkert til i landskapet og representere viktige kulturminner i Modalen.

                                           Om stølsdrift

Støldrift har gjennom tida vore ein viktig del av økonomien til det tradisjonelle i bygdene kring fjellmassivet, som i seinare tid ha fått namnet Stølsheimen.

Det gamle ordet for støl, "stooull" tyder en stad der buskap på beite vart samla og mjølka. Det treng såleis ikkje vere eit bygg på staden for at ordet støl kunne nyttast  -  iallfall ikkje etter opphavleg bruk av ordet. Dei fleste gardane hadde støl i fjellet, og det vart vanleg at eit eller fleir stølshus vart reist på plassen. Stølane vart alltid plassert tett ved rennande vatn og helst ikkje langt frå skog - to viktige ressursar for ei velfungerande stølsdrift. Mange av stølane ligg nær heimegarden, gjerne innanfor ein times gange frå bygda. Dette var gjerne vårstølar. Andre ligg i snaufjell-sona med mange timars marsj frå bygda, med til dels vanskelege og farlege buførevegar.

Til vanleg var det døtre eller systre av gardbrukaren som var budeier på stølen. Arbeidsdagen var lang på stølen, opp mot 15- 16 timar. Produkta som vart framstilt på stølen var ost, smør, myse og mjølk. Dette vart henta med kløv, gjerne ein gong i veka. Tradisjonell stølsdrift var frå byrjinga av juli og fram til byrjinga av september. Frå om lag 1950 vart stølsdrifta avvikla. 1973 var siste stølsåret i denne delen av Stølsheimen. Stølsdrifta slik me kjenner ho frå gamalt vil knapt nokon gong verte teken oppatt, men  kanskje nye næringar finn veg til stølane som turisme og opplevingsferie.

Teksten er henta frå boka  "Turar i Modalen og stølsheimen" av Kenneth Ø. Monsen.

                                         Otterstadstølen

Otterstadstølen høyrer til gardane Otterstad. Me følgjer stølselvi frå Grønnhaug. Like overfor Grønnhaug deler stigen seg i Buførevegen og stølsvegen. Ein kan velje kva som helst for begge møtast att før Otterstadstølen.  Vegen til Otterstadstølen er ikkje så krevjande, og etter tre kvarter ser ein stølhusa der dei ligg pittoresk til på ei flate ved rota av laurdagsfjellet.

Området ved stølen 200 -300 moh er dominert av eit kraftig granbelte. Dette er Norges vestlegaste viltveksande granskog, og somme av tre er svært gamle. Området er naturvernreservat.

Otterstadstølen vart sett opp tidleg på 1900-talet og det var drift der fram til 1960. Stølshusa er tek vare på og det er og høve til å leige eit til overnatting. 

                                                    Mo - Mostølen

Det finst to vegar opp til Mostølen: Buførevegen og Motødna. Førstnemnde sti har utgangspunkt ved munningen av Modalstunnelen, sistnemde klorar seg opp bratthenget like ved Bryggjeslottet. Begge vegane gjev storslått utsikt over delar av Modalen og Mofjorden. Mostølen ligg på 487 meter høgd. Turen tek 2-3 timar.

                                                  Nygard - Nystølen

Fjellgarden Nygard ligg 22 kilometer frå sjøen og 373 meter over havet. Garden vart rydda og busett kring 1600. De følgjer ein stig som går attmed Oselvi, på nordsida av Steinavatnet (500 moh) og til Nystølen. Dette er ein fin tur både sommar og vinterstid. Ved Steinavatnet er det fint å bade og grille ein sommarkveld.

Publisert av Bente Bergh. Sist endra 26.03.2010