(Hjem)
Modalen kommune
Kontakt oss
Modalen Kommune
Kommuneadministrasjonen
Pb. 44
5729  Modalen
 
E-post : postmottak@modalen.kommune.no
 
 
Telefon : 56 59 90 00
Faks : 56 59 90 01
Org.nr. : 964 969 302
Kommunenr. : 1252
_
Opningstid : 08.00-15.30
Kundetorget i Modalen kommune

Kundetorget i Modalen kommune held til i 2. høgda i samfunnshuset på Mo.

Kundetorget er eit kommunalt servicekontor og er kommunen sitt kontaktpunkt mot innbyggjarane. 

Vi har ansvaret for å ta imot deg når du kjem til kommunen, og vi kan gje deg rettleiing på dei fleste førespurnader.

Du får kontakt med oss på telefon 56 59 90 00,
telefaks 56 59 90 01 eller postmottak@ modalen kommune.no

Publisert av Bente Bergh. Sist endra 07.01.2010

Om vi ikkje kan svare på spørsmålet ditt eller du ikkje får løyst oppgava di hjå oss, vil vi visa deg til den sakshandsamar som kan hjelpa deg vidare.

Kundetorget sine oppgåver rettar seg i hovudsak mot publikum, og kan oppsummerast slik:

  • Sentralbord
  • Informasjonsteneste
  • Posthandsaming
  • Individuell informasjon og rettleiing
  • Regelstyrt sakshandsaming

I tillegg administrerer vi ordninga med startlån, bustadtilskot og bustønad igjennom Husbanken.

Transportordninga for funksjonshemma ligg òg under vårt ansvarsområde.

Ta kontakt med sakshandsamar Bente Bergh om du treng hjelp i samband med nokre av dei ovannemnde saksområda.