(Hjem)
Modalen kommune
Kontakt oss
Modalen Kommune
Kommuneadministrasjonen
Pb. 44
5729  Modalen
 
E-post : postmottak@modalen.kommune.no
 
 
Telefon : 56 59 90 00
Faks : 56 59 90 01
Org.nr. : 964 969 302
Kommunenr. : 1252
_
Opningstid : 08.00-15.30
Barnehage

Hei og velkomen til Modalen barnehage.
Barnehagen held til på Helland, ca. 5 km. frå Mo sentrum.

Tlf. kontor: 56 59 91 90

Telefaks: 56 59 91 91

1-2 års avd.: 56 59 91 94

3-4 års avd: 56 59 91 92

5-6 års avd: 56 59 91 93

Modalen barnehage har tre avdelingar: Eikjebakkjen for 0-2 åringar, Storfjellet for 3-4 åringar og Oddane for 5-6 åringar. Kjøkkenet vert nytta som fellesareal.  Det er i dag 40 born fordelt på dei tre avdelingane, med ein pedagogisk leiar i kvar avdeling.

Modalen barnehage arbeider ikkje etter ein spesifikk filosofi. Me trur på det positive i kvar einskild. Me legg stor vekt på visjonen vår som lyder: "Ein god barnehage der tryggleik, humor og glede står i fokus". Metoden me nyttar oss av er "De utrolige år " av Carolyn Webster- Stratton. Denne metoden har gitt oss gode resultat i samspel med  borna.

Her er eit flott uteområde, med mange nye leikeapparat og kort veg til naturområder som ligg heilt inntil barnehagen.  I tillegg har me fått oss bil som me kjører  til Mo med  nokre gongar i veka. Der besøkjer me Bryggjeslottet for å bade, gå i gymsalen eller på biblioteket.

Borna får 3 måltid for dagen, frukost, lunsj og nons. I tillegg får dei frukt kvar dag og middag annakvar veke. Når borna har bursdag bakar me rundstykker og har godt pålegg på.

 I samsvar med ynskje frå foreldra har me dette året tema Noreg og nærmiljøet. Me lærer borna om menneske som bur i Noreg, ser på globus kvar i verda Noreg ligg, lærer om nærmiljøet og kva det har å by på og mykje anna.

Barnehagen er open kvar dag kl 7.30 - kl 16.30.

De er hjarteleg velkomne til å besøkje oss for å sjå korleis me har det.

Sist endra 12.08.2010
Tilsette i Barnehagen
NAMN(klikk for å sende e-post)STILLING
Grete UrdalStyrar
Gro Henny MoPedagogisk leiar
Mona Beate OlaussenPedagogisk leiar
Line Eide Vikpedagogisk leiar
Marit FarestveitPedagog
Hildegunn Førskulelærar
Mariann StienAssistent
Gunn GullbråAssistent
Britt NeseAssistent
Karin FlatekvalAssistent
Marita HauklandFagarbeidar
Marianne StamnesFagarbeider
Astrid LavikAssistent
Eva Iversen Assistent
Kenth Iben SteinestøAssistent
Marit Kristine NygardForeldrekontakt
Tom Kristian ThorsenForeldrekontakt, vara