(Hjem)
Modalen kommune
Kontakt oss
Modalen Kommune
Kommuneadministrasjonen
Pb. 44
5729  Modalen
 
E-post : postmottak@modalen.kommune.no
 
 
Telefon : 56 59 90 00
Faks : 56 59 90 01
Org.nr. : 964 969 302
Kommunenr. : 1252
_
Opningstid : 08.00-15.30
Informasjon Publisert 09.07.2010
Knut Moe Modalsdagane

Det vart ei flott jubileumsmarkering som trygt kan få heiderplassen i kommunesoga.

"Me er så fornøgde.
Dette var dei beste Modalsdagane nokon gong. Me har berre fått positive tilbakemeldingar både frå publikum og andre aktørar." seier kultursjef Kristin Nåmdal.

På butikken som hadde 150 frukostgjester laurdagsmorgonen, på kroa og i salsbodene melder dei om rekordomsetning. Alle var storleg fornøgde. Det var meir enn 1,500 frammøtte som fylte kaiområdet på Mo.  

Informasjon Publisert 09.07.2010
Stipend

Modalen kommune har stipendordning til elevar  i vidaregåande skule som har foreldra/heimen sin i Modalen

Stipendet for skuleåret 2010/2011 er fastsett til kr. 24.600,-. Stipendet vert utbetalt med kr. 2.460,- pr. md i perioden september til juni.

Informasjon Publisert 06.07.2010
Treklatring på Granen

Modalen barnehage skal i samarbeid med kulturkontoret og kursleder Anders Vik, utvikle ein naturklatrejungel på Helland.

Me vil i august arrangere eit praktisk kurs om etablering av naturklatrejungel for alle som kan tenkje seg eit nytt og spanande uteområde, både liten og stor.

Informasjon Publisert 06.07.2010
TUBFRIM

Du kan no få levert brukte frimerke, prospektkort og telekort i mottakskasse på kundetorget.  

TUBFRIM tek imot både norske og utenlandske frimerke og telekort. Klipp eller riv av frimerka med ein liten kant rundt. Konvoluttar som er eldre enn 50 år og prospektkort med frimerke vil dei gjerne ha heile.

Sjå elles meir info på TUBFRIM sine heimesider TUBFRIM