Eksperiment på biblioteket

Vi følgjer opp dei kjekke eksperimentstundene med Thomas og Erna i haust og inviterer til nye eksperiment, i vår med Ulrikke og Øystein.
Dei fleste forsøka er lette eksperiment du og foreldra dine kan ta med heim å prøve seinare. På denne måten vert kjemien forklart og vist på ein enkel måte som gjer det spanande og gøy å lære kjemi!

Passar for alle barn frå 7-12 år.

Ulrikke og Øystein er elevar ved Knarvik vidaregåande skule. Dei skal gjere dette i vår:

Tysdag 30. januar, kl. 16.30
TEMA: Kjemi i dyr og planter
Skjer det kjemiske reaksjonar inne i oss? Er planter levande? Kva er det som gjer at nokre ting flyt, medan andre søkk?
Vi gjer mellom anna eit spanande forsøk der vi brukar vårt eige blod til å sjå på ein av reaksjonane som skjer i menneskekroppen.

Tysdag 13. februar, kl. 16.30
TEMA: Farleg gøy
Lær å lage din eigen vulkan! Eller kva med ei skumfontene? Dei som har, kan ta med vernebriller.

Tysdag 6. mars kl. 16.30
TEMA: Ønskereprise
Vi gjer om att dei aller kjekkaste forsøka, lærer kva det er som gjer at bolledeigen må heve og et bollar i lag

Arrangør: Strilabiblioteket
: Lindås bibliotek, Knarvik senter
Tid: tirsdag 30. januar 16:30
Barn og ungdom
Anna
http://www.mittnordhordland.no