Kystspråket liv laga?

Er dei gamle orda og uttrykka frå kysten i ferd med å gå i gløymeboka?
Hanne Sophie Greve har tatt til orde for ein dugnad for å redde kystspråket.
I ein artikkel i Bergens Tidende i 2017 etterlyste ho ei oppdatert ordsamling som inkluderer alt innan den norske kystkulturen.
2. mai kjem Greve til biblioteket i Knarvik for å snakke om dugnaden.
Johan Myking innleier om kva som finst i ordbøker og samlingar.

Keipane kystlag viser fram gamle gjenstandar. Kanskje veit du kva dei vart brukte til?

Arrangementet er eit samarbeid med Alversund Mållag.

Arrangør: Strilabiblioteket
: Lindås bibliotek, Knarvik senter
Tid: onsdag 2. mai 19:00
Vaksne
Møte og foredrag
http://www.mittnordhordland.no