Klimaendringar på Vestlandet: Korleis handtere det uunngåelege?

Korleis handterer vi at klimaet endrar seg og gir oss eit villare og våtare ver? Foredrag og debatt på biblioteket

Kvifor er endringane dei siste 150 åra annleis enn tidlegare varmeperiodar, som under middelalderen eller for 7000 år sidan? Kva for klimaendringar skjer globalt, og kva for endringar vil skje her på Vestlandet? Kan kommunar og samfunn i Noreg bli del av den globale klimaløysinga?

Forskar og geolog Kikki Kleiven set den globale klimaforskinga inn i eit lokalt perspektiv, og ho nyttar historiske hendingar for å kaste lys over dagens klimasituasjon.
Lars-Henrik Paarup Michelsen er dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Han kjem til biblioteket for å utfordre lokale politikarar og kommunens borgarar: Kva gjer vår kommune for klimaet?
Ordførar Astrid Aarhus Byrknes, Lindås kommune, og Karina Garnes Reigstad frå Miljøpartiet er blant deltakarane i debatten.

Lesetips og bokutstilling

Arrangementet er eit samarbeid med Hordaland fylkesbibliotek, Nasjonalbiblioteket, Bjerknes Centre for Climate Research og Norsk klimastiftelse

Arrangør: Strilabiblioteket
: Lindås bibliotek, Knarvik senter
Tid: onsdag 7. mars 19:00
Vaksne
Møte og foredrag
http://www.mittnordhordland.no