Nærturleiar kurs gjennom Nordhordland turlag

Nordhordaland Turlag inviterar til nærtuleiarkurs tirsdag 14. november kl. 17.30 på Manger, Radøy. Her kan du lære litt om:

Turplanlegging og risikovurdering
Turleiarrolla
Oppgåver og ansvar
Utstyr og bekledning
Område- og kartkunnskap.
Det er eit mål at du får gode tips om korleis du kan gjere turen til ei betre turoppleving.

Målgruppe:

Alle frilufsliv interesserte, til deg som ønskker å gå på tur i lag med andre vaksne eller born, barnehage , skule og ungdomsskule lærerar og assistentar, ungdomsklubbane, 'til topps' gruppa på Lindås, Meland og Radøy, Frivillige i Barnas turlag og Turlaget elles.
Hjarteleg velkommen til deg med fleirkulturell bakgrunn og som ønskjer ei innføring i å gå på tur i Norge som integrerings tiltak.

Dette er eit praktisk kurs, der me startar inne den første timen, og tek deretter oppgåver og øvingar ute i naturen. Du må derfor kle og sko deg etter vér og føre.

Kurset starter kl 17.30 og varer i ca 3,5 timer. Kursleiar er Jane Britt Daae, turleiar og instruktør i DNT.

Ingen krav til forkunnskapar, det er nok at du er interessert! Kurset er gratis!

Velkommen til alle!

Arrangør: Nordhordland turlag
: Tingstova på Manger
Tid: tirsdag 14. november 17:30
Alle
Kurs
http://nordhordland.dnt.no