Kulturhus i sikte!

Lindås kommune har fått utarbeidd eit forstudie til kulturhus. Denne kvelden vil Strilabiblioteket presentere innhaldet i forstudiet og inviterer til samtale rundt eit framtidig kulturhus. Vi ønskjer alle interesserte velkomne til informasjon og refleksjonar rundt ein viktig regional samlingsstad.

Presentasjon av forstudiet ved Rune Håndlykken, rådgjevar kulturbygg. Innspel frå representantar frå det frivillige, profesjonelle og kommunale kulturlivet: Viggo Bjørge, Kjersti Wiik, Arild Nielsen og Marit Gro Berge. Samtale mellom Rune Håndlykken og leiar av Kulturrådet i Lindås, Einar Vatne. Samtaleleiar: Halfdan Wiik.

Arrangementet er gratis og alle er velkomne!

Arrangør: Strilabiblioteket
: Lindås bibliotek, Knarvik senter
Tid: onsdag 18. oktober 19:00
Vaksne
Møte og foredrag
http://www.mittnordhordland.no