Foss

Foss

Årets julegåve til Modalen

6 millionar kroner til kalking av Modalselva

I eit samarbeid mellom Fylkesmannen si miljøvernavdeling og Modalen kommune vil det i 2015 verte gjennomført planarbeid for etablering av eit kalkingsanlegg i Modalselva. Kalkinga kan kome i gong i 2016.

I 2014 vart det sett ut lakserogn i elva med godt resultat. I tillegg til utsetting av rogn vil ein i åra framover også slepe ut smolt via Osterfjorden, tilsvarande som vert gjort frå Vossaelva. Smolten som skal produserast på Voss skal før utsleping ha eit kort opphald i Modalsvassdraget.

Om nokre år er det derfor no håp om at Modalselva påny kan få ei flott stamme av laks- og sjøaure.

Planar for prosjektet vart drøfta mellom partane den 16. des. og Modalen kommune har no fått overført 6 millionar til prosjektet.

Web levert av CustomPublish