10 årsjubileum for Modalen barnehage

Den 21 november feira me at barnehagen er 10 år gamal. Me hadde invitert inn foreldre, søsken, kommunestyre og kommune-administrasjonen til frukost. Det var mange gjestar som kom og åt med oss og gjorde feiringa kjekk. Etter gjestane var gått var det tid for teater, me fekk besøk av Askeladden friteater som viste oss fleire eventyr. Det var skummelt og utrulig morsomt på ein gong.  Me hadde ei flott og kjekk feiring og takkar alle som var med oss.