Me er ein interkommunal barnevernteneste for kommunane Modalen, Vaksdal og Oserøy. Me er lokalisert på Familienshus, Osterøy, men har og eit lokale på Heradshuset, Dalekvam (Vaksdal)
Innhald på sida
Me er ein interkommunal barnevernteneste for kommunane Modalen, Vaksdal og Oserøy. Me er lokalisert på Familienshus, Osterøy, men har og eit lokale på Heradshuset, Dalekvam (Vaksdal)
Barneverntenesta tilbyr støtte og hjelp til barn, unge og deira familiar.
Er det vanskeleg heime, eller er du bekymra for korleis nokon du kjenner har det?
Barneverntenesta skal bidra til trygge oppvekstvilkår for barn og unge, og den skal sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse eller utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid. Barnevernet skal såleis både driva førebyggjande arbeid, i tillegg til å verna om dei barna som har behov for det. Omsynet til kva som er best for barnet er avgjerande.
Hjelpetiltak kan vera foreldrerettleiing, miljøarbeid, familieråd, besøksheim og støtte til fritidsaktivitetar for barn. Barneverntenesta er oppteken av at barn og unge skal få oppleve at dei har medverknad på tiltak frå barnevernet, når deira alder og modning tilseier det.
Alle tiltak som barneverntenesta set i gang, skal vera til det beste for barnet. Tiltaka vil difor vera ulike frå situasjon til situasjon, og frå eit barn til eit anna.
Målgruppe: Barn og ungdom under 18 år. Ved samtykke frå ungdommen kan tiltak vidareførast inntil ungdomen har fylt 23 år.
Når bør du melda frå? Om du er uroa for om eit barn får god nok omsorg, bør du melda frå til barnevernet. Di bekymringsmelding kan vera viktig for barnet eller ungdommen det gjeld.
Du treng ikkje vera sikker på at noko er gale før du melder frå. Har du ei magekjensle på at barnet ikkje har det bra, bør du kontakte barnevernet. Det er barnevernet sin jobb å vurdere korleis meldinga skal følgast opp. Di oppgåve er å sørgja for at barnevernet får vita om barn og unge som har det vanskelig.
Melding sendast digitalt. Dersom du vil melde munnleg kan du kontakte oss på telefon så ordnar vi ein avtale. Vi vil då skrive ned meldinga ilag med deg i møtet.
Oppfølging av meldinga
Du får ei skriftleg tilbakemelding på at vi har mottatt meldinga di og om meldinga vil føre til ei vidare undersøking innan 3 veker. Når vi har undersøkt og konkludert i saka, skal du ha skriftleg melding om at saka er avslutta og om vi eventuelt set inn tiltak.
Dersom foreldra samtykker, eller vi meiner det er avgjerande, kan du få fleire opplysningar.
Dersom du har sendt ei melding, men framleis er bekymra etter ei stund, er det viktig at du tar kontakt med barnevernet på nytt. Om du melder på ny, ikkje ta for gitt at vi kjenner til alt sjølv om vi er eller var inne i saka.
Bekymringsmelding frå privatpersonar
Er du uroa for eit barn eller ein ungdom? Slik kan du som privatperson ta kontakt med eller sende ei bekymringsmelding til barnevernet.
Når bør du melde?
Meld ifrå til barnevernet om du er bekymra for om eit barn får god nok omsorg, eller er bekymra for måten ein ungdom oppfører seg på. Meldinga di kan vere viktig for barnet eller ungdommen det gjeld.
Du treng ikkje vere heilt sikker på om noko er gale før du melder. Det er vår oppgåve i barnevernet å vurdere korleis vi skal følgje opp meldinga di.
Du kan ringe barnevernet anonymt om du vil drøfte saka før du melder.
Kan du vere anonym?
Du kan velje om du vil vere anonym eller ikkje. Du kan vere anonym for både barnevernstenesta og familien det gjeld, eller du kan seie namnet til barnevernet, men be om at namnet ikkje vert gjort kjent for foreldra. Fordelen med den siste varianten er at barnevernet kan kontakte deg om vi har spørsmål eller treng meir informasjon.
Korleis melder du?
Du bør sende meldinga skriftleg. Då er det lettare å unngå misforståingar.
Meldinga bør innehalde:
kven meldinga gjeld og kva som gjer at du er bekymra, gjerne med døme
informasjon om meldinga byggjer på noko du observerte ein gong eller over lengre tid
om det er andre som kan ha opplysningar til saka
kontaktinformasjon til deg dersom du ikkje vel å vere anonym
Dersom du vil melde munnleg kan du ta kontakt med oss på telefon, så ordnar vi ein avtale. Då skriv vi ned meldinga ilag med deg i møtet.
Melding sendast digitalt. Dersom du vil melde munnleg kan du kontakte oss på telefon så ordnar vi ein avtale. Vi vil då skrive ned meldinga ilag med deg i møtet.
Ønskjer du å sende melding i post kan du nytte dette skjema
Barnevernvakta er ein del av den kommunale barneverntenesta i Osterøy kommune, og barnevernet sin akuttberedskap på kveldstid og i helger. Hovudoppgåva er å bistå barn og familiar med akutt hjelpebehov når kommunen si barnevernteneste er stengt.
Besøksheim Besøksheim blir brukt av barnevernet som eit hjelpetiltak for barn.
Besøksheim kan til dømes bli brukt som avlasting for foreldre, for å gje born meir stimulering, eller rett og slett at borna treng fleire trygge vaksne som ser bornet og viser interesse.Besøksheim vil ofte vere eit langsiktig tiltak.
Som besøksheim bør du ha eitt stabilt liv og vere ein trygg vaksen som ynskjer å hjelpe barn eller ungdommar.
Tilsynsførar Alle born som er plasserte i fosterheim skal ha ein tilsynførar. Denne skal vere ein fortruleg vaksen som besøker bornet 4 gonger i året for å sjå til at barnet har det bra.
Fritidskontakt Som fritidskontakt hjelp du barn og ungdom til å få eit meir aktivt og sosialt liv. Fritidskontaktar jobbar nokre timer per veke, og får betalt for dette. Som fritidskontakt for barnevernstenesta bør du ha eit stabilt liv som tilseier at du kan stå i oppdraget over tid. Du bør vere ein trygg vaksen som ynskjer å hjelpe eller gjere aktivitetar saman med barn eller ungdommar.